30. nov. 2017

Solrik torsdag, den siste i november

Tittar litt ekstra opp på denne i dag, den vakre illustrasjonen på stoveveggen vår. Tenk at det i dag har gått to og eit halvt år sidan den finaste dagen. Er så glad i illustrasjonen som Mary Reynolds laga til oss i bryllaupsgåve frå mamma og pappa. Fargane, mønstera, dei små detaljane som fangar kven me er. Og når sola i tillegg skin på bryllaupsbiletet vårt, er dette ein finfin torsdag 

29. nov. 2017

Tur på Donau og snuten heimover

Og her kjem det aller siste blogginnlegget med bilete frå Interrail-turen vår i juni. Altså, me skriv jo desember på fredag, så det er vel kanskje på tide å bli ferdig. Men det har no vore stas å kunne vise fram alt det fine og kjekke som me opplevde på dei to vekene me var på reis. Etter å ha bada i Széchenyi, åt me lunsj før me fann ei offentleg ferje som går mellom fleire små brygger på elva Donau. Vind i håret, men likevel ein herleg tur langs elva der me fekk tatt ein nærmare titt på det storslåtte paralmentsbygget, nokre fargerike hus og eit anna flott bygg. Planen for den siste kvelden var å ta ein piknik oppe på Gellerthøgda, men som eg nemnte i eit tidlegare innlegg var ikkje vêret på vår side. Men me åt knallgod middag på Meatology og slappa av på rommet vårt i staden for. Dagen etterpå måtte me stå opp tidleg og det blei ein enkel frukost på kjøkkenet. Til slutt var det på med sekkane for siste gong og me tok T-bane og buss til flyplassen. Ein eventyrleg tur var over!

28. nov. 2017

Széchenyi bad

Den aller siste heile dagen vår på tur, pakka me den lille sekken med handduk, badetøy og solkrem. I Budapest er det nemleg mange termalbad, eller varme kjelder som ein også kallar det, og me fann ut at me ville avslutte turen med eit besøk ved eit av desse bada. Me tok T-banen til termalbadet Széchenyi. For ein plass! Eit bad frå 1913 i eit storslått bygg med fleire forskjellige basseng, både ute og inne, badstove og solsenger. Kunne ha vore der fleire dagar ;) Ypperleg plass for avslapping!

27. nov. 2017

Måndag med gullkant

På fredag skriv me desember. Adventstida er snart her. Fire dagar igjen. Då er det fram med julepynt, adventsstjerne og julelys. Då kan me høyre julemusikk med godt samvit. Fram til den tid tenner me telys i ein haldar som denne. Gullkant på ein kvardag, ein måndag med gråvêr og regn.

26. nov. 2017

Tjue fine punkt på sundagslista

Helg med stor H. Ei helg utan planar. Passa greitt no etter nokre travle veker. Eg har verkeleg klart å senke skuldrene på desse to dagane, og eg kjenner eg nesten er klar til å ta fatt på ei ny veke. Vêret har vore så som så, men likevel sykla eg kvar dag til jobb, til og med då eg nesten stod stille i nedoverbakke (for jepp, så mykje motvind var det her i byen ein av dagane). Eg er strålande nøgd! I løpet av veka, og kanskje særskilt i løpet av helga, har eg fått tid til å lese mykje, og eg har kost meg. På jobb har eg også vore, tysdag var det orkesterøving og onsdagskveld var det strikkekveld hos ei veninne. Kjempekoseleg! No skal eg slutte å småprate, ser at sundagslista er full av kjekke saker:

✦ både le og gråte av Guardians of the Galaxy Vol. 2 (og lille Groot er jo den aller søtaste)
✦ må få seie at eg har veldig lyst til å sjå Det merkelege som hende med den natta
✦ den fyrste frosten som la seg så fint på haustfargane
✦ "An Open Letter To People Who Read On The Subway"
✦ kristtorn ute i nabolaget, for det er litt julete (tenk, på fredag er det desember)
✦ Niina har nok ein gong fanga den mørke og samstundes koselege haustemninga
✦ olje spisestovebordet og sofabordet
✦ og sidan dei framleis tørkar: dekke på eit av miniborda og ete sundagsfrukosten slik
✦ gleder meg til å følgje UiS sin julekalender
✦ hint av snø, eller hagl som det også heiter ;)
✦ byrje å skrive julekort
✦ altså, har du sett så søte kattungar?!
✦ blir rørt av 2CELLOS sin versjon av temaet frå Cinema Paradiso
✦ ha, ha, eg ler høgt av Crosswalk the Musical: The Lion King
✦ bla i boka Jenta som ville redde bøkene, beundre dei vakre illustrasjonane av Lisa Aisato
✦ kan fint tenkje meg eit par av illustrasjonane frå boka eller digitaltrykket "Ly"
✦ lage eit par gavelappar og eit julekort av gamle bøker i samband med Monthly Makers-temaet
✦ sjå den finaste James Stewart i filmen Harvey frå 1950
✦ strikkekveld med mykje prat, te og kanelsnurrar
✦ krimbok og ein kopp med kaffe latte

24. nov. 2017

Søt, lita bok om bøker 📚

Startar helga med denne boka. Jenta som ville redde bøkene, skriven av Klaus Hagerup med dei vakraste illustrasjonane av Lisa Aisato. Ei søt, lita historie om ei jente som er glad i bøker, elskar å lese og som blir ganske forferda når ho høyrer om alle dei bøkene som ikkje blir lesne. Eg blir heilt betatt av Aisato sine illustrasjonar, ho har ein heilt eigen stil og gjett om eg kjenner meg igjen i illustrasjonen på det andre biletet ;) I kveld blir det nok ei anna fin bok og ein kopp med te.

23. nov. 2017

Mat- og marknadshallen i Budapest

No byrjar me å nærme oss slutten på Interrail-turen. Det har tatt tid, men det er berre fordi eg har hatt så mykje eg ville vise dykk, og i mine auge er over tjue bilete i eit innlegg for mykje. Men over til dagens lille glimt frå Budapest. Me stakk nemleg innom den store mat- og marknadshallen i byen. På ungarsk heiter den Vásárcsarnok (trur ikkje eg skal prøve å uttale det). Bygget er frå heilt i slutten av 1800-talet. Mykje å sjå og kjøpe, kanskje litt for mykje, for eg må nok innrømme at me gjekk tomhendte ut. Men likevel verdt eit besøk. Fann ein plass der me kjøpte litt is; det var godt over tretti gradar ute! Titta også opp på den grøne brua medan me gjekk litt rundt i byen.


I løpet av turen vår, prøvde me jo å besøke eit bibliotek i kvar by. Øvst ser de byngninga inn til Metropolitan Ervin Szabó Library. Det er ikkje lov til å ta bilete inne i biblioteket, men gurimalla, så vakkert det er der! Flotte lysekroner, vindeltrapper, leseplassar i gamle dansesalar og lesekrok med peis tatt rett ut frå Galtvort. Sukk. Tenk å ha det som arbeidsplass, kvar dag. Måtte berre ta eit lite bilete av trikken fordi eg diggar fargen og eit bilete av kulturhuset, for sjekk ut det kule glastaket!

22. nov. 2017

Det gylne lyset gjennom haustlauvet

Eit syn som dette. Mot slutten av ei nokså travel veke. Så godt det gjorde å gå ein liten tur rundt Mosvatnet, hand i hand. Kjenne sola varme midt i november. Sjå solstrålane titte inn gjennom dei lauva som enno heng på greinene, dei lange skuggane på stien. Det gylne lyset ein haustsundag.

20. nov. 2017

Ei liste om bøker

Sidan eg ein gong i februar fjor laga ei liste om filmar, har eg lenge tenkt på å gjere det same med bøker. Utfordringa har vore å setje meg ned og verkeleg lage denne lista, for det er så mange bøker som antakeleg burde ha vore med. Men det er det som er så greitt med skaparutfordringa Monthly Makers – eg får nemleg det lille sparket bak til å faktisk fullføre den tanken eg byrja på for ei god stund sidan. I november har temaet vore bøker, så denne gongen blir mitt bidrag dette blogginnlegget i tillegg til det førre. Rett og slett eit tekstbidrag. So here goes, ei liste om bøker:

Favorittbok: denne er den aller vanskelegaste, for korleis skal eg velje blant alle dei gode, rørande, kjekke og spennande bøkene eg har lese opp gjennom åra?! Veit ikkje om eg klarer det, men Evig natt og Greven av Monte Cristo er gode kandidatar.

Beste forfattar: Agatha Christie på grunn av den smartaste detektiven, Anne-Cath. Vestly for alle dei gode barndomsminna (eg laga jo til og med ei nettside om"heile Noregs mormor" som eksamensoppgåve på UiA) og J.K. Rowling for å ha funne opp eit heilt magisk univers

Bok du har prøvd å lese, men ikkje komme gjennom: eg misliker sterkt å ikkje lese ferdig ei bok sjølv om eg den ikkje er heilt min smak, men nokre bøker har eg likevel lagt fra meg: Skjønnhet er et sår og Sannheten og andre løgner. Her har eg ein del å gå på, for kvifor lese "dårlege" bøker når det finst så mange bra?!

Beste bokserie: her er det vel ingen tvil, det må jo berre bli Harry Potter-serien. Har lese alle bøkene minst tre gongar, besøkt filmstudioet i London, eg var på førpremiere då den fyrste filmen gjekk på kino og eg var stornøgd då mannen min gav meg ein HP-kalender til jul for to år sidan. Det tok nokre år frå eg høyrde om bøkene til eg byrja å lese dei, men etter det var det gjort. Eg har vakse opp med Harry, Hermine, Ronny, Gulla og alle dei andre på Galtvort, dei vil alltid vere ein del av meg.

Beste krimbokserie: ingen over og ingen ved sidan av, nemleg alle bøkene om den belgiske detektiven, om sjølvaste Hercule Poirot med hans "little grey cells". Eg vil også nemne serien om Cormoran Strike, skriven av J.K. Rowling under pseudonymet Robert Galbraith og bøkene om Louise Rick som den danske forfattaren Sara Blædel står bak.

Den beste barneboka: det trur eg må bli Den hemmelige hagen. Eg hugsar enno kjensla av det mystiske med skrika i huset og det var så spennande å vere med å finne nøkkelen til hagen. To bøker av Jostein Gaarder – Kabalmysteriet og Sofies verden – er to andre bøker eg har hatt mykje glede, bøker som kanskje er meir retta mot ungdom, men likevel. Filosofi, reise, mysterium, så mykje bra samla i desse to bøkene.

Bok som set spor: huff, denne er i alle fall vanskeleg. Eg blir jo fort rørt og blir like fort dratt med i ei historie viss eg synest den er god. Idas dans og Dagfinn Enerly: Så fort kan livet snu er to prosabøker som begge to fortel sterke og rørande historier, og sjølv om eg berre har lese bøkene ein gong, sit dei verkeleg i enno. Tordivelen flyr i skumringen, ei bok av Maria Gripe, har eg høyrt som høyrespel, lydbok og lese sjølv. Og gurimalla, eg synest den historia framleis fenger (og det minnet som sit sterkast igjen er å høyre denne som eit høyrespel langt oppe på fjellet i ei koseleg hytte).

Den mest morosame: eg har no i alle fall ei oppleving som er morosam og som eg framleis hugsar godt, og det er då eg fekk tre eksemplar av Ken Follett-boka I all evighet til jul. Ha, ha, det var vel om å gjere å gi meg den boka meg flest sider! Men om eg skal velje den boka som er det morosamaste, må eg seie The Rosie Project av Graeme Simsion. Det er ikkje ei humorbok, men det er ei bok som rett og slett er herleg, og ein sit og småhumrar når ein les den. Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson er forresten ei bok som verkeleg går inn i denne kategorien.

Ei bok du les om og om igjen: Christie-boka Og dermed var det ingen og alle bøkene i HP-serien. Okei, dette blei til saman åtte bøker, men du skjønner teikninga ;)

Beste bokminne: å byttelåne bøker i Afrika blant dei eg var på tur med. I løpet av den turen (fem veker) las eg på flyet, på stranda, på bussen, om kvelden, alle dei gongane eg trong litt aleinetid. Mange bøker blei lesne i løpet av den turen, ja.

Ei utfordrande bok: eg har den liggjande, men førre gong eg prøvde å lese De elendige (Les Misérables) av Victor Hugo, enda eg opp med å lese ein forkorta versjon. Men eg diggar historia og kjem til å lese den, særskilt no når den ligg i bokhylla etter at eg fann den på ein loppemarknad tidlegare i år. Som pensum i eit emne ved UiA skulle me lese boka Raseri av Cornelius Jakhelln, og dette er ei bok i alle fall eg synest var (og nok framleis er) utfordrande med veldig mange fotnotar og for min del ei historie som ikkje fenga.

Overrasking: av svigerinna mi fekk eg ein gong boka Helt sant av Michael Palin. Palin er fyrst og fremst ein komikar som var med i Monty Python i tillegg til å ha vore programleiar i ei rekkje reisedokumentarar. Eg visste ikkje at han kunne skrive, men Helt sant er ei varm, morosam og tankevekkjande forteljing som eg innimellom anbefaler på jobb. Du er så lys av Tore Renberg. Joda, eg veit han kan skrive – eg har tross alt lese alle bøkene hans om Jarle Klepp. Men Du er så lys er skriven på nynorsk, den er sår, mystisk og annleis enn det eg trudde, på ein god måte. Den merkelige hendelsen med hunden den natten, skriven av Mark Haddon, hadde eg ikkje noko særskilt forventningar til, men etter å ha lese den, er den blitt ei av mine favorittbøker. Ein annleis skrivemåte og ei original historie som også er laga om til eit fantastisk teaterstykke

Vakker bok: i fjor las eg endeleg Linda Olssons bok La meg synge deg stille sanger, og i mine auge er det ingen tvil om at dette er ei vakker bok. Wonder av R.J. Palacio er ei anna bok eg ønskjer å trekkje fram her. Las denne tidlegare i år og eg likte den etter berre nokre sider. Og heilt til slutt må eg berre nemne Våre sjeler om natten av Kent Haruf og Et helt liv av Robert Seethaler, to av dei beste bøkene eg las i fjor.

I bøkenes verd

Bøker. Lyden av å bla i ei bok som er heilt ny frå trykkeriet. Den kjennelege lukta frå ei gammal bok som har stått gjemt i ein kjellar eller høgt oppe på eit loft. Å finne ei bok i bokhylla som du ikkje har lese på mange, mange år, men som tidlegare har vore ein av favorittane, som du veit du kjem til å elske endå ein gong om du tek den ut av hylla og byrjar å lese.

Eller å finne ei bok i ein bruktbutikk eller i hylla på biblioteket, ei bok du kanskje aldri har høyrt om før, men som ser interessant ut og som du difor tar med heim. Kanskje det er ei kjempekjent bok som du mange gongar har tenkt at "den skal eg lese", men som du ikkje har funne eller hatt tid til å lese. Du tar med boka heim og elskar den. Eller ikkje, det er lov det også. Alle liker ikkje den same boka, men det finst ei bok for alle.

Opp gjennom åra har eg lese mykje. Nokre år meir enn andre, nokre bøker betre enn andre. Men bøker har alltid vore ein del av livet mitt. Ein stor del. Å kunne dykke ned i ei bok, forsvinne frå røynda og inn i eit anna univers, sjølv om det berre er for ei lita stund. Å kunne vere med på å lære magi og seie ein trylleformular som "expecto patronum", løyse eit mysterium med "dei små grå" eller gråte når ein av heltane reiser av garde med skipet og dei andre står igjen.

Bøker. Eg har det bra når eg har bøker å lese, eg blir glad ved tanken om at når eg kjem heim frå jobb, ligg det ei bra bok og ventar på meg. Når eg så er heime, set eg på roleg musikk, tar fram eit pledd og finn fram boka. Kanskje er det ein krimbok, ei heilt ny bok eller ein gammal favoritt. Eller når eg sit på bussen ein dag på veg til jobb, då er det også fram med boka. Berre nokre sider, for vegen er ikkje så lang, men likevel. På toget, på hytta, på flyet, ute på graset ein solskinsdag. Ofte på senga om kvelden før me sovnar. Langt inne i bøkenes verd.

19. nov. 2017

Travle dagar, men artig lell

Sundagslista kjem seint i dag, men helga har verkeleg gått i eitt. Ja, heile veka eigentleg. Puh. Men det har stort sett berre vore morosame og sosiale ting, så sånn sett skal eg ikkje klage. Kjenner likevel det skal bli godt med nokre rolegare dagar i veka som kjem. Har nemleg ikkje fått lese så mykje som eg gjerne skulle ønskje, for eg merker at når eg les, slappar eg av. Litt lesing på bussen har det no blitt, blant anna Kjærleikens ferjereiser, klassikaren til Edvard Hoem. Midt oppi travle dagar, har me også rokke å gå to (korte) turar medan sola var framme, og det gjer veldig, veldig godt, både for kroppen og for humøret. Sundagen er snart over og her kjem vekas høgdepunkt:

✦ finaste dørmatta midt i byen
✦ høyre Bjergsted Blåseensemble på festkonserten til skulekorpskonkurransen Stavanger Open
✦ skru saman eit avlastningsbord på jobb; no blir det bra inne på kontoret
✦ quiz med jobben etter arbeidstid på onsdag
✦ Kjærleikens ferjereiser med ein kopp kaffi på ein regntung dag
✦ den rustraude og den oransje fargen som framleis finst på trea i Vålandsparken
✦ øve på "Nøtteknekkersuiten" saman med orkesteret; det nærmar seg jul
✦ soloppgangen som starta veka på den aller beste måten
✦ "10 Reasons Why Bookworms Are Best Friend Material"
✦ Duolingo, også denne veka ;)
✦ å vere med på "babydysj" for ei veninne med kjekke leikar og herlege folk
✦ lese ut Det røde huset, den tredje boka eg har lese skriven av Mark Haddon
✦ sola som skaper skuggespel på stoveveggen vår
✦ sjå eit par episodar av QI mellom alle slaga
✦ kort sundagstur rundt Mosvatnet medan sola skein for fullt

17. nov. 2017

Vålandsparken v11

Okei, desse bileta er kanskje ikkje heilt representativt for november – det har nemleg regna ein del fyrste halvdel av månaden. Men måndag, då me tok ein tur i Vålandsparken, var det sol og fint vêr. For slik kan november også vere. No er det verkeleg lite lauv igjen på trea, men det som framleis heng så fint på greinene, er i herlege gule og oransje fargar. Gylne fargar, god hauststemning!

15. nov. 2017

Museumstur på eit slott

Slottet, eller palasset, i Budapest er enormt, verkeleg ingen tvil om det. I delar av bygget er det museum, til dømes historisk museum og nasjonalgalleriet. Etter å ha tatt kabelbana opp og sett litt på området rundt slottet, tok me turen inn og fann ut at me ville gå ein tur i sjølve galleriet.


I nasjonalgalleriet i Budapest (Magyar Nemzeti Galéria) finn ein kunst frå renessansen og fram til i dag, så her er det noko for ein kvar smak. Med andre ord mykje å sjå, men med berre ein audioguide og dei aller fleste skilt på ungarsk, må eg ærleg innrømme at det ikkje var alt som blei forstått ;) Men ei flott bygning og mange like flotte kunstverk og detaljrike var det likevel.


Før me kom oss ned frå høgda, titta me nok ein gong utover byen. Det er ein fin by, og kanskje særskilt når ein får sjå den med ei utsikt som denne. Me tok ikkje bana ned, men det går an å gå på ein sti rett ved, noko me gjorde (måtte jo i same slengen traske over ei av "bruene" som går rett over kabelbana). Turen ned var ikkje særskilt lang, og vel nede blei det trikk til marknadshallen.