23. juli 2017

Sommar i Stavanger

Trur ikkje eg skal klage på vêret her i byen denne veka. Joda, me har hatt eit par regnvêrsdagar, men dei fleste dagane har vore heilt topp med sol og knallblå himmel. Så godt å endeleg få kjenne sommartemperatur og verkeleg nyte årstida. Gladmatfestivalen, herlege turar og mykje lesing har stått på programmet, heilt greitt med andre ord ;) Har jo også jobba ein god del, og sjølv om eg stortrivst blant alle bøkene og fine folk, må eg seie at når sola står høgt på himmelen, vil eg jo heller ut enn å sitje inne ved ein skjerm. Men sånn er det berre, synest jo likevel at eg har fått kjenne sola og vore ute i godvêret. Elles er det lite nytt, men eg har no i alle fall mykje fint på sundagslista:

✦ det fantastiske vêret me har hatt nokre av dagane, berre sjekk ut Vågen i Stavanger sentrum
✦ er alltid interessant og fint å lese boktankane til Ida
✦ lese ut den rare, såre og fine boka Vokteren av tapte ting
✦ "The End of an Era" – tenk at det allereie er ti år sidan den siste Harry Potter-boka blei utgjeven
✦ sykle til jobb i kjole og bare leggar
✦ ein bit god sjokolade i helga, og eg diggar jo den vakre innpakninga
✦ gode tips til korleis ein rimelegare kan oppgradere eit bad
✦ me var ein tur på Gladmatfestivalen, og med steikande sol, var knallgod is det store høgdepunktet
✦ sjå filmen Wonder Man med Danny Kaye (og skrattle av denne scena)
✦ tur til IKEA der me fann akkurat det me skulle ha
✦ den nyaste boka til Camilla Läckberg var superspennande
✦ superkul idé til ein heimelaga knagg
✦ sommarfugl på tur rundt vakre Stokkavatnet i dag
✦ kanskje litt meir fargar, men liker stilen på desse romma
✦ lese ute på balkongen i shorts og T-skjorte
✦ å sjå at Byttebuå hadde sette fram flotte bøker på Gladmaten som ein kunne ta med heim

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det har vært noen dager med skikkelig varmt og fint vær her også, og det er så godt! ^^ Sitte ute og lese, eller rusle en tur i det fine været. Kanskje litt kjedelig å jobbe, men det må være så godt å endelig være ferdig på jobb for dagen og så gå ut i sommerværet!

Tusen takk for linker! :* Håper du får en fin uke, Silje <3

Silje sa...

Godt å høyre at de også får nyte finvêret :D Altså, eg skal ikkje klage mtp. jobben, for det er som du seier veldig fint å komme heim og verkeleg nyte siste rest av sola før kvelden kjem for fullt ^^ Berre kjekt å dele lenkjer når det er noko så bra ;) Ønskjer deg også ei tipptopp veke <3

Legg igjen ein fin tanke