2. juli 2017

Heime i Stavanger etter to veker på tur

Rart å vere heime igjen etter to veker på farten der me besøkte heile fire land. Men det skal seiast – det er godt å sove i eiga seng igjen ;) Juni er over like fort som den kom og juli er i gong. Denne veka starta me i Wien før me seinare om måndagen tok toget til Budapest. I Budapest var det varmt, veldig varmt, men me koste oss likevel. Kom heim på torsdag, utan bagasje, og det blei ei overnatting hos mine foreldre på Sola fordi nøklane låg i ein av sekkane våre. Kanskje me hugsar å ha dei på oss neste gong me er ute på tur?! Kjekt å vere tilbake på jobb på fredag, bagasjen kom til slutt fram og helga kunne byrje. Eg hadde vakt på jobben i går, men heilt fri i dag, så eg skal ikkje klage, ein roleg og avslappande sundag. Father Brown på skjermen og her kjem sundagslista:

✦ ta kabelbane opp til slottet i Budapest
✦ biblioteket i den same byen
✦ måndag var det tjue (!) år sidan den fyrste Harry Potter-boka kom ut
✦ treffe eit venepar på Gardermoen medan me venta på flyet til Sola – superkoseleg
✦ ein kopp med kaffi på jobb medan eg tenkte litt tilbake til ferieturen vår
✦ måtte le høgt då eg såg denne videoen med hundre forskjellige måtar å gå på
✦ gå ein snartur rundt Vannassen der me såg svanefamilien
✦ "Norwegian words we need to add to the English language"
✦ lese ut ei søt, lita bok på flyet på veg heim
✦ bade i eit termalbad i Budapest
✦ blir artig å sjå denne musikalen til hausten på Det Norske Teatret
✦ før me drog på ferie, var eg på jobbmøte, og sjå på det lilla kartet og den gule sofaen i gangen
✦ sundagsmiddag ute på Kronen Gaard saman med familien
✦ Voctave som syng ein Disney-medley
✦ alle dei fine togstasjonane me var innom; dette biletet er frå Keleti pályaudvar, Budapest
✦ ein ordentleg lesesundag

Legg igjen ein fin tanke