14. juli 2017

Fantastisk symfoniorkesterkonsert og endå ein dag i Berlin 🎻

Aller fyrst vil eg berre få seie "riktig god helg". Mykje jobb og mykje lesing denne veka, noko som eigentleg passar meg veldig bra :) Men no, la oss ta ein titt på nokre fleire bilete frå Berlin. Eit av dei store høgdepunkta på heile Interrail-turen var konserten med Berliner Philharmoniker. For eit flott bygg, både utvending og inne (og for dei som lurer: Herbert von Karajan er ein kjent østerriksk dirigent). Den kvelden me var der spelte dei musikk komponert av Ravel, Berlioz og Stravinsky, og eg sat med tårer i auga då dei spelte siste tonen. For ein konsert med dyktige musikarar!


Dagen etterpå hadde me ikkje lagt nokre store planar. Me drog til Unter den Linden, ei brei gate med parkområde, store tre og flotte bygningar. Humboldt-universitetet og domkyrkja står der, store og ragande. Etter kvart kom me oss vidare til Alexanderplatz der me slappa av på ein benk nær Marienkirche. Eigentleg godt å berre sitje der, sjå på bylivet og nyte det å ha ferie.


I løpet av dei to vekene me var på tur, hadde me (eller les: eg) eit lite prosjekt på gong, og det var å besøke eit bibliotek i kvar by. I Berlin blei det to, Berliner Stadtbibliothek og Staatsbibliothek zu Berlin. Tok ikkje veldig mange bilete frå desse biblioteka i og med at det for meste var faktabøker i heilt vanlege hyller og enkle lesesalar, nesten som universitetsbiblioteka her i landet som eg har besøkt. Men døra inn til Berliner Stadtbibliothek var ganske kul, og sjekk ut vindeltrappa inne i staatsbibliotheket. Ved sistnemnde måtte me ha eit gjestekort for å komme inn. Stas å sjå korleis bibliotek kan vere svært forskjellige samstundes som dei har ein ting til felles, nemleg bøker :)

Legg igjen ein fin tanke