31. mai 2017

Gult er kult og grått er flott

Medan me var i Stockholm, måtte eg jo så klart ta meg ein tur innom ein Gudrun Sjödén-butikk. Butikken som ligg i Regeringsgatan låg ikkje så altfor lang unna hotellet vårt, så det var dit me tok turen tidleg måndag. Brukte litt tid inne i butikken, såg på alle dei friske fargane og dei kule mønstera. Til slutt fann eg ein enkelt topp med grå blomar ("Sanna") og ein sennepsgul tunika med blomar, nesten litt sekstitalsinspirert ("Teo"). Den er lang nok til å vere kjole på meg, er utan ermer, men med lommer, og den blir super til å bruke til ein sommardag her på Vestlandet.

30. mai 2017

Eg vil sjå verda med deg ♡

Det er ingen eg heller vil oppdage noko nytt med, oppleve alt mogleg rart med, sjå verda med enn deg. Akkurat deg. Å få gå i lag med deg, hand i hand, dulte borti deg, sjå opp i andletet ditt, sjå smilet ditt – det er ei glede. I dag er det akkurat to år sidan du og eg sa "ja", to år som har gått veldig fort. To år der me har opplevd mykje, vore på både nye og gamle plassar. To år med mykje kvardag, for det er dei det er mest av. Men med deg er kvardagane vel så fine som helger og feriar. Takk for at du er der for meg, min beste ven, min sterkaste støtte. Takk for at eg får vere kona di ♡

Gratulerer med bomullsbryllaup, kjæraste mannen min. Eg elskar deg ♡

29. mai 2017

Spasertur i Gamla Stan

Så vidt landa og tilbake i Stavanger igjen. Aller fyrst: gratulerer med korallbryllaupsdagen, mamma og pappa – de er best <3 Før måndagen er heilt over, vil eg berre få dele nokre bilete frå vår lille spasertur i Gamla Stan. Etter to fly og eit flytog, var me framme i Stockholm sentrum halv tre på laurdag (midt på dagen). Etter å ha lagt frå oss tinga våre på hotellrommet og skifta til lettare klede, fann me ut at me ville sjå oss litt omkring i gamlebyen. Små gater, gamle bygg og brustein.


Sola stod høgt på himmelen, og før me traska vidare, tok me ein liten pause i bakken med is frå Stikki Nikki. Og eg må berre seie: for ein is! Me åt tre kuler på deling: ei med grapefruktsorbet, ei med sjokolade og ei med kjeks og vanilje. Som du kanskje ser så var dei tre kulene store! Absolutt mykje for pengane, og ikkje minst så var isen knallgod. Ikkje langt unna såg eg denne lille og koselege kaféen. Tenk å sitje her og diskutere alt og ingenting over ein kopp eller to med kaffi.


Plutseleg dukka det opp ein Gudrun Sjödén-butikk. Sidan me skulle rekkje noko seinare på kvelden, stakk me ikkje innom akkurat den butikken (men eg hadde jo så klart sett meg ut ein annan som låg endå nærmare hotellet me budde på). Ein butikk selde frimerke i haugevis og mannen min sa at eg berre måtte ta bilete av denne grøne rikstelefonen; han syntest den var kul!


Staselege bygg så me mange av, blant anna Svenska Akademien og Stockholms slott. Traska rundt i varmen, titta på fargerike hus, kjente på folkelivet i gatene. Det har vore nokre fine dagar i Stockholm, og fleire bilete vil komme her på bloggen litt etter litt. Tenkjer eg kjem til å lage nokre blogginnlegg som eg kan publisere på førehand medan me er ute på tur neste månad (oi, det er berre dryge to veker til me drar av garde). Og i morgon er det tilbake til jobb og kvardag igjen :)

28. mai 2017

Sundagsliste frå Sveriges hovudstad

Hei, hei frå Stockholm! Vêret her i hovudstaden i Sverige har vore ordentleg sommartemperatur både i går og i dag og me har det kjempefint :) Trur rett og slett me har valt riktig helg å besøk ein ny stad på. Siste heile veka i mai er snart over, og det har vore ei veke med litt jobb, ein del lesing og før me drog hit til Stockholm, fekk me på plass alle skapfrontane på kjøkkenet og måla listene. No byrjar det verkeleg å nærme seg eit fullt oppussa kjøkken. Reiser heim igjen i morgon, men har heldigvis nokre timar som me kan bruke på litt shopping og fika før eg må setje meg på toget til Arlanda. Har fått eit godt inntrykk av Stockholm og kunne fint ha vore her litt lenger ;) No er det på tide å få ut ei lita sundagsliste, for i morgon er det måndag, med andre er ei ny veke i anmarsj:

✦ traske gatelangs Gamla Stan, og dele ein (stor) is på Stikki Nikki
✦ 2CELLOS sin versjon av "May It Be", og Peter Hollens sin versjon av den finaste "Circle of Life"
✦ nusselege andungar og svaneungar både ved Mosvatnet og ved Vannassen
✦ ete middag ombord på S/S Stockholm og få oppleve ein nydeleg solnedgang
✦ Alicia sitt bidrag til Monthy Makers der ho har henta inspirasjon frå Den hemmelege hagen
✦ hotellfrukost
✦ fargerike tulipanar på veg til jobb
✦ videosnutt av den skjønnaste katten Smoothie då ho var lita
✦ besøke Djurgården med både Junibacken, Vasamuseet og god lunsj blant nydelege tre
✦ å le høgt av denne videoen som viser ein "ordentleg hysjar" på eit bibliotek
✦ kaffi frå den nye Mummikoppen
✦ at det er sommarsesong ved Mosvatnet når ein ser både bobilar og kanoar
✦ blir varm om hjartet av å sjå ein video som dette (og berre sjå kor søte valpane er)
✦ nye Gamlingen som har fått skilt og som snart opnar for fullt
✦ spennande bok, den tredje i serien om Siri Bergman

26. mai 2017

Små og nusselege fuglar ved Mosvatnet

Sjølv om mykje av dagen i går gjekk med til å fikse endå meir på kjøkkenet, fekk me slappa litt av, både med fyrste episode av American Gods, men også med å gå ein tur rundt Mosvatnet. Vêret var ikkje på sitt aller finaste – det var nokså grått, og litt regn i lufta var det også. Men så altfor ille var det ikkje, og det var herleg å kjenne frisk luft. Som tidlegare år bur det jo både ender, svaner, måker og andre fuglar ved og i vatnet og i går fekk me sjå desse søte andungane. Me talde tre små dundottar som svømte rundt i vatnet. Dei ser så myke ut, og dei er like nusselege kvart år.


Tre grå dundottar talde me også då me hadde gått eit lite stykke vidare rundt vatnet. Den eine låg med hovudet oppå fjørene til ein av foreldra, akkurat som når me legg hovudet vårt i eit trygt fang.

24. mai 2017

Vårleg kvardagsglede

Dette er synet som møter oss no når me er på veg inn eller ut av nærbutikken vår. Sukk. Er ikkje alltid det er så mykje som skal til før humøret stig eit par hakk, eit smil breier seg om munnen og ein grå dag blir lysare. For eit vakkert og fargerikt syn som dette er ei ordentleg kvardagsglede.

22. mai 2017

Bittelitt magi på ein måndag

Måndag. Ein fin dag på jobb, eg skal ikkje klage, men eg synest likevel at måndagane ofte er litt treige. Det er ei god stund sidan eg byrja å lese i den illustrerte versjonen av den fyrste Harry Potter-boka, men dette er meg i eit nøtteskal: når eg skal kose meg med ei bok, ein film eller kanskje ein TV-serie, ender det plutseleg med at eg lar det liggje ei lita veke som plutseleg blir til ein månad eller fleire. Slik er det med denne boka. Men i dag fann eg ut at eg ville lese i boka igjen, kose meg med både teksten, dei vakre illustrasjonane, verkeleg dykke ned i J.K. Rowlings univers.

21. mai 2017

Rosa blomar, blondeskjørt og bunad ei veke i mai

Her har helga gått fort med orkesterøving, konsert og kjøkkenoppussing. Heile veka, og som tidlegare nemnt: dei fyrste månadane, har vel sånn sett gått fort; snart skriv me juni. Men nok om det. Om ein ser bort frå all orkesterspelinga no i helga og 17. mai, har dette vore ei vanleg veke med jobb, eit par små turar i vårvêret og nokre timar med lesing. Å ta fram ei god bok, litt kaffi eller te og filmmusikk er i mine auge den ultimate måten å slappe av på. Håper de hadde ei fin og bra feiring av nasjonaldagen og at veka jamt over har vore like bra. Ei lita sundagsliste er no klar:

✦ å ha på blondeskjørt på jobb når sola tittar inn og lagar fine skuggar
✦ tenk å teikne slike teikningar utan å løfte blyanten
✦ lese i Filmklubben – så mange bra skildringar og referansar til kjente og gode filmar
✦ fantastiske, lyse netter fotografert av Jonna
✦ ønskjekonsert med orkesteret med blant anna musikk frå Ringenes Herre og "1812-ouverturen"
✦ må seie meg nøgd med Monthly Makers-bidraget denne månaden
✦ sjekk ut dette huset i Gamle Stavanger, eit hus som no blir freda
✦ rosa blomar på trea gir den ultimate vårkjensle
✦ alltid kjekt å sjå og lese om andre som har ein heim full av fargar
✦ bunad på 17. mai, og tenk at den er sekstito år no i mai
✦ tretten riktige i Dag og Tid-quizen
✦ denne bloggposten inne hos Isabelle der ho skriv om roadtrip i Europa
✦ gå ein liten tur i nærområdet og sjå på dei små gåsungane som nokre av gjæsene har fått
✦ humre for meg sjølv av desse: Samuel L. Jackson og Tom Hanks på besøk hos James Corden
✦ feire nasjonaldagen hos ei veninne tredje året på rad, det er vel nesten blitt ein tradisjon
✦ ein liten undulat som leikar med små kattungar
✦ at me kvar dag får gjort noko på kjøkkenet
✦ og endå fleire rosa blomar; det går ikkje an å bli lei

19. mai 2017

Ei turkis bok til ein haug med postkort

Heisann, hoppsann og god helg! Før helga verkeleg startar, tenkte eg å dele mitt bidrag i skaperutfordringa Monthly Makers. Denne månaden har temaet vore tøy (stoff), og då fekk eg endeleg eit spark bak til å gjere eit lite prosjekt eg har hatt liggjande nokre månadar. Tidlegare i år viste eg fram pinssamlinga mi som eg har kjøpt litt etter litt når me har vore ute og reist. På dei stadane der eg ikkje fann pins, har eg ofte kjøpt eit postkort, men eg har mangla ei bok eller perm til å ha dei i. Tidleg i år fann eg endeleg den perfekte boka på Panduro Hobby, og med tøy som tema, kunne eg finne fram nokre tøyrestar og dekorere boka. Målte opp og klippa passelege stykke, strauk på vliesofix slik at kantane blei finare og brukte til slutt limpistol for å lime stoffet på boka.


Utpå boka limte eg i tillegg nokre små nuperellebitar som eg ein gong i fjor fekk av tanta mi. Synest dei passa perfekt til den turkise fargen. For å skjule den verste kanten som var veldig synleg med ein gong ein opna boka, fann eg blondebandrestar og limte bandet oppå kanten. Og så var det berre å lime inn postkorta med alt frå London i år til bilturen i fjor (og vidare i boka er det også postkort frå blant anna Kenya i 2009 og New York i 2014). I tillegg til å dekorere poskortboka, fann eg fram ein annan tøyrest som eg festa i ein syboge. Trur den vil passe perfekt til Fred Astaire og Ginger Rogers-illustrasjonen som skal vere på ei hylle på kjøkkenet når alt er klappa og klart :)

18. mai 2017

Hipp, hipp hurra 2017 🇳🇴

17. mai er over for i år, og for tredje år på rad feira me dagen med god mat og kjekke folk hos ei veninne. Me stressa ikkje med å dra til byen for å sjå på tog, og sjølv om me kunne gjort som i fjor – gått bort til Auglend skule for å høyre korpset spele – blei det ikkje slik i år. Som eg nemnde i går, er det framleis rart å ikkje vere med eit korps på nasjonaldagen, men det er slik det er. Medan eg fekk på meg bunaden, steikte han nokre vaflar i traktorvaffeljernet. Nokon hadde pynta så fint ved kanten av blokka, og då blei det nokre bilete i finstasen ved flagga og blomane før me traska vidare.


På veg bort til verten, måtte eg berre stoppe opp for å ta bilete av dei fine blomane på treet og eit norsk flagg som vaia i vinden. Sjølv om det regna utpå ettermiddagen, var det opphald og greitt vêr då me gjekk bort, akkurat slik ein ønskjer det skal vere på 17. mai. Vel framme poserte me saman, og trass noko dogg på mobilkameraet, er eg nøgd med å ha eit bilete av oss saman i finstasen 


I løpet av dagen blei det alt frå pavlova til søtpotetsuppe, ein god del koppar med kaffi, noko sprudlande i glaset, herlege folk, latter, prat og glede. Ei bunadjakke over stolen, vakkert servise og kake i raudt, kvitt og blått. Ei riktig bra feiring av nasjonaldagen, den syttande mai totusenogsytten.