31. mai 2015

For ein dag :)

Mange, mange inntrykk som skal søkke inn. Skjønner eigentleg ikkje heilt kva dag det var i går, men for ein dag! Litt nerver var det jo då eg vakna i går, men resten av dagen, for ikkje å seie helga, var berre heilt fantastisk! Byrja det heile med ein liten jentefest hos forlovaren min på fredagskvelden. Me var seks jenter som hadde det så koseleg og "løye" med god mat og drikke, kake, prat, latter, mimring og "brudebingo". Tusen, tusen takk, de er så fine alle saman! Dagen i går berre fauk av garde med litt nervar i byrjinga, ein god del gledestårer og tårer av dei rørande og fine talane, mykje latter og glede, og så mange, mange fine og herlege folk! De er herlege :) Veldig fint å vakne opp til morgongåve frå den fine og kjekke mannen min! Tenk det, me er mann og kone! Fleire innlegg og bilete får komme litt etter litt, for det tar ei stund å lande etter ein slik dag :)

29. mai 2015

Om berre nokre timar

Med roser i hus, svigers på besøk og kjolen hengande, er me klare til i morgon. Forhåpentleg i alle fall. Veit ikkje om eg har styring på alt, men no får det blir som det blir, rett og slett ;) Gleder meg til å sjå alle dei fine folka igjen, smile og le, ha på meg brudekjolen, danse, ete god mat og sist, men ikkje minst, seie "ja" til han der fine. Om under eitt døgn, eitt lite døgn, er me mann og kone 

27. mai 2015

Veninnebesøk og kveldsbaking

Sånn har det sett ut på kjøkkenet her hos oss i kveld. Er det nokon som klarer å gjette kva me har laga?! Så mykje kan eg seie at det er noko til laurdag. Og inne på stova ligg det ørten ark som er bretta og klar til den same dagen. Berre tre dagar igjen! Hadde besøk av ei god veninne i fleire timar i dag, og det var superduper koseleg! Fekk ein god del hjelp til bretting og klipping av papir, så plutseleg gjekk jo arbeidet som ein leik :) Dei to neste dagane kjem til å gå så utruleg fort, og vips er bryllaupsdagen over. Eg er spent, eg gleder meg og sommarfuglane i magen tar aldri slutt!

26. mai 2015

"Vidda"



Musikken durar og går i bakgrunnen medan me klipper og limer, sagar og står på for å få detaljane til dagen på plass. Han svarer på mail og organiserer, eg fikser bilete og andre trykksaker. Å ha noko å lytte til, er alfa og omega for meg når eg skal halde tempoet og motivasjonen oppe til å komme i land med alt som skal gjerast. Denne fine låta med Ole Edvard Antonsen er ingen ny låt, men den er berre så himla fin, og så er det noko magisk med musikkvideoen! Lytt til låten og sjå musikkvideoen :) Det var eigentleg berre det. Tilbake til dei små og store bryllaupsdetaljane :)

25. mai 2015

Kvardagsmagi

Temaet denne månaden av Monthly Makers har vore magi. Ikkje eit spesifikt materiale eller ein spesifikk teknikk å jobbe ut frå, men rett og slett noko meir abstrakt. Magi kan vere så mangt, og bidraga til dette temaet har vore alt frå det å lage ein ring som glitrar til å lage kimonoar. Som så mange andre er magi noko eg verkeleg tenkjer på i samband med Harry Potter-verda. Eg har lenge hatt lyst til å lage eit broderi med sitat henta frå ei av bøkene eller ein av filmane, til dømes eit slikt som dette eller dette. Mai månad har, lik som april, vore travel med både oppgåveskriving og bryllausplanlegging, så difor blei det noko veldig enkelt: ja, det blei eit broderiprosjekt, men berre med nokre få bokstavar, utan å brodere noko anna. Så håper eg at eg kan brodere eit litt meir avansert prosjekt seinare, og også bruke ei broderiramme for å sleppe at stoffet strekk seg. "Accio" er ein trylleformel ein bruker for å tilkalle ein viss gjenstand, i mitt tilfelle er det kaffi. Kaffi er jo magi i seg sjølv i kvardagen, og så var det litt artig at mønsteret på stoffet liknar kaffiflekkar. No manglar eg berre eit slikt krus, så er det heile komplett når eg sit og les og drøymer meg vekk i magien si verd. Dette lille broderiet er mitt bidrag til maitemaet av Monthly Makers.

24. mai 2015

Sundagslista veka før bryllaupet

Det er vel ikkje noko tvil om kor tankane mine er om dagen; det går for det meste i alt som har med bryllaupet å gjere. Utruleg herleg å vere ferdig med eksamen og berre fokusere på ein ting, men dagane går nesten litt for fort, det er så mykje eg gjerne vil skal vere gjort før dagen. Men nok om det, eg håper og trur dagen blir fin uansett om ikkje absolutt alle smådetaljar blir slik eg hadde i tankane :) Mellom alt får me heldigvis litt tid til å slappe av, lese litt og sjå den aller siste episoden av Mad Men. Og det å kunne vere ute i sola og sjå fine tre med blomar er jo alltid ein slager :) Håper alle har ei fin pinse, anten om de er på jobb eller har fri! Her er sundagslista:

✦ gå små turar i nærområdet, berre oss to, lufte tankane, sitje tett på ein benk i vårsola
✦ diskutere litt og planleggje dagen og kvelden før bryllaupet med forlovaren min
✦ den kulaste og mest morosame papegøyen eg har sett på lenge, fine ender og andungar, den skjønnaste koalaen og herlege bilete av dyr og deira leiketøy
✦ øve på bryllaupsvalsen
✦ kjekk lesing om barn og korps
✦ finne den perfekte tversoversløyfa til kjærasten min sitt bryllaupsantrekk
✦ denne fine illustrasjonsserien om kjærleik
✦ vere ferdig med eksamensperioden
✦ å lese om denne alternative brudekjolen og om dette venskapet
✦ brodere noko Harry Potter-relatert, og også sjå den femte filmen i serien
✦ "On happiness" – eit kjempefint og bra innlegg skriven av Synne
✦ og til slutt: berre ei lita veke til me er mann og kone!

22. mai 2015

8 dagar igjen!

Med berre åtte dagar igjen til vår store dag, er det omtrent berre bryllaup det går i no som oppgåva er levert. Spelelista med alle songane eg har på iTunes går i bakgrunnen gjennom store delar av dagen medan eg sit og pakkar inn små, hemmelege gåver, lagar kyrkjeprogram og bordplan. Var innom skreddaren igjen i går og no byrjar eg verkeleg å sjå korleis kjolen blir. Skulle jo berre mangle når det no er ei dryg veke igjen ;) Innimellom går me ein liten tur eller les i ei bok (eg held enno på med Harry Potter-bok nr.seks), og når me er ferdige med å kople av, dansar me litt vals. Han skal ha brune sko, og det blir så stilig når eg har mine knallblå! God fredagskveld, folkens!

20. mai 2015

Og plutseleg var det ferie!

Der. Då var den siste oppgåva i dette semesteret levert inn. Eg har faktisk ferie! Kjenner det skal bli herleg å "berre" ha bryllaupet å tenkje på, for dei siste vekene har det vore to ganske høge skuldre her i heimen. Etter at oppgåva var levert både i papirversjon og på nettet, måtte eg berre ta nokre bilete av den fine alléen, ein allé med dei finaste trea no om våren. Blir så utruleg glad av å sjå på dei! Før eg stakk heim for å slappe av litt, var eg innom veninna mi i kaféen for å slå av ein liten prat. Koseleg! Kom meg heim, fekk slappa av nokre timar, og då klokka var fire, drog han og eg til byen for å ete middag ute for ein gongs skyld. Eg åt god kyllingsalat, han ein kyllingfiletburger. Smakte veldig godt, og så var det herleg å ete ute, vere på ein liten date :) Kaffi og eit lite kakestykke til dessert før me sykla heim igjen. Dei neste dagane kjem til å bli fylt med bryllaupsplanlegging, med alt frå å lage menykart til kyrkjeprogram og ein hel del anna som også må ordnast. Men me blir vel gift til slutt me også som min betre halvdel pleier å seie ;)

18. mai 2015

Flotte fjørfe

På vår lille gåtur på torsdag, gjekk me blant anna forbi ein gard, ein gard som me syklar forbi kvar gong me skal til skulen. Sidan det var så utruleg fint vêr, hadde eg tatt med meg kameraet. Eg fekk tatt nokre bilete av gjæsene, både med og utan dei søte og lodne ungane deira, og også eit bilete der ein av kalkunane sprada rundt. Litt uheldig med eksponeringa, for sola var nemleg så utruleg skarp, men nokre bilete blei i alle fall heilt okei. Og det blei også endå fleire bilete av dei fine kirsebærtreblomane. Får aldri nok av dei :) I morgon er det siste dag med oppgåveskriving, og på onsdag er det ferie! Rart å ha ferie såpass tidleg, men det blir jo likevel nok å halde på med ;)

17. mai 2015

Sundagsliste på sjølvaste 17.mai :)

Gratulerer med dagen, alle saman! Kanskje litt på tampen, men betre seint enn aldri ;) I år var det fyrste gong på tolv-tretten år der eg ikkje spelte med eit korps. Kvar 17.mai har eg stått opp før klokka åtte, tatt på meg uniform eller bunaden og spelt i lag med eit eller anna korps. Då me stod opp rundt halv ti (!) i dag, kjendest det verkeleg ikkje ut som nasjonaldagen. Etter ein god frukost, tok eg på meg bunaden, og då me gjekk bortover gata til dei me skulle feire dagen hos, såg me flagg som vaia i vinden. Plutseleg var det visst litt 17.mai likevel :) Sjølv om me verken gjekk i tog eller såg på, så var det veldig koseleg å feire dagen hos dette veneparet. Me var vel sånn ti stk. til saman. God mat, gode kaker, noko godt i glaset og herlege samtalar! Kom heim i seks-tida, og då kom mamma og pappa hit for litt kaffi og noko så enkelt som fruktsalat attåt. Mykje bryllaupssnakk, for no nærmar det seg verkeleg dagen. Berre to veker igjen. Det har ikkje sokke inn endå, men kanskje det gjer det når oppgåva er levert?! :) Må vel dele ei liste denne veka også:

✦ plukke markblomar til å ha med heim
✦ høyre korps i gata øve før nasjonaldagen
✦ fantastisk stilig gatekunst
 snart vere ferdig med eksamensperioden
✦ ta på Disneyplaster etter eit lite uhell på kjøkkenet
✦ ei retusj- og sminkefri utgåve i eit motemagasin og dette innlegget hos Elsa Lisa
✦ sjå små gåsungar trippe ved sidan av dei store gjæsene
✦ Ole Brumm-referanse i ein episode av Midsomer Murders
✦ høyre "God Only Knows" med Beach Boys og "Bright Eyes" med Art Garfunkel i Popquiz
✦ kjekke fakta for ein Harry Potter-nerd som meg
✦ sjå to (turtel)duer sitje tett inntil kvarandre i eit tre på veg heim frå jobb
✦ ei fin sak om eit par som blir sminka slik at dei kan sjå seg sjølv som femti, sytti og nitti år
✦ feire 17.mai med brunsj hos fine folk
✦ berre to veker igjen til me gifter oss!

15. mai 2015

Å plukke blomar til heimen

Sjølv om det var helligdag, og sånn sett fridag i går, hadde me begge to nok å gjere. Han var ein tur på jobb for å få unnagjort noko arbeid medan eg sat heime og skreiv. Det var jo berre heilt herleg vêr ute, så motivasjonen min då eg sat og skreiv var at me etter middag skulle gå ein tur i nærområdet. Som sagt, så gjort! Kjempekoseleg og utruleg fint å gå ute, titte på fuglar og dyr, sjå på alt som blomstrar og gror, og også plukke nokre småblomar til å ha med heim. I morgon blir det endå ein dag med oppgåveskriving før det så er nasjonaldagen på sundag. Rart å ikkje skulle vere med å spele i eit korps, men trur det kjem til å bli fint å gjere noko heilt anna også (me er nemleg blitt invitert på brunsj hos nokre kjente). God helg og god 17.mai til dykk alle saman!

13. mai 2015

Litt grått, men også litt fint

For akkurat ei veke sidan, dagen før me drog av garde til Austlandet, kom me oss ut og gjekk ein tur rundt Vannassen. Byrjar å bli godt kjent med den runden no, men det er ein akkurat passe gåtur og så er det eit stort pluss at det er mykje færre folk der enn kva det er om ein går Mosvatnet (der går ein jo i kø viss ein går der på "feil" tidspunkt). Når me går rundt Vannassen, har det ein tendens til å byrje å regne, og det slo ikkje feil førre onsdag. Var heldigvis berre ei lita skur, så det gjorde ikkje så mykje. Og så er det fint å ta bilete medan regndropane fell på vatnet og dei framleis heng på greiner. Litt grått var det jo, men ein tur i frisk luft er jo likevel herleg. Å sjå på svaneparet, den eine uti vatnet og den andre i reiret for å ruge på eit egg, er også noko fint sjølv om vêret er litt grått. Her er det oppgåveskriving som står i fokus. Heldigvis berre ei lita veke igjen.

12. mai 2015

Beecake



Når eg sit og skriv på heimeeksamenar, blir det alltid til at eg høyrer ein god del på musikk. Og det er nok ingen unntak i denne eksamensperioden som eg er inne i akkurat no (sjølv om eg faktisk byrjar å sjå slutten no snart). I haust oppdaga eg jo bandet Beecake i samband med at vokalisten, Billy Boyd, song "The Last Goodbye" i den siste av Hobbiten-filmane. Nokre av songane til Beecake går om og om igjen på mi speleliste medan eg sit her og skriv oppgåva i emnet saktekstar. Tenkte eg difor kunne dele nokre av dei her på bloggen: "Please Stay", "Waiting For You" og "The Clown". Songane går frå rolege og nedtona til å vere melodiar med litt meir trøkk i. Og videoen til den sistnemnte er jo litt artig å sjå på i tillegg. Billy Boyd si stemme er ein av dei finaste, songtekstane deira er nydelege, og eg vil berre høyre endå meir. Sjekk også ut denne songen og denne.

11. mai 2015

Konfirmasjonshelg på Årnes

Tilbake til kvardagen og oppgåveskriving. Har halvanna veke igjen før innleveringsfristen for oppgåva går ut, og det skal bli så herleg å få levert den, bli ferdig. Berre konstentrere meg om bryllaupet :) Vil i dag berre leggje ut nokre bilete frå konfirmasjonshelga. Me sat på med mamma og pappa, og saman reiste me alle fire av garde torsdagskveld. Det blei pensumlesing, me høyrde på musikk frå 60-talet og regnbogen titta jaggu meg fram før me var framme i Grimstad der me overnatta frå torsdag til fredag. Fredagen brukte me til å køyre frå Grimstad til Oslo, og på vegen bort var me som nemnt innom Horten der me besøkte tante og onkel. Elles åt me middag på Egon då me var framme i Oslo, og resten av fredagen tok me det heilt med ro. Han og eg overnatta i leilegheita til kjærasten til onkelen min frå fredag til sundag. Med det blei det ikkje hotell på oss, men med god frukost og fint soverom, var det jo nesten hotellstandard :) På laurdag var det dagen for sjølve konfirmasjonen. Seremonien var i Nes kulturhus, og etterpå drog me til eit lokale der festen skulle vere. Bordet var pynta så fint med blå detaljar og også detaljar som har samband med skiskyting. Konfirmanten er nemleg veldig interessert i sporten og han driv mykje med dette på fritida. Han viste oss korleis ein siktar med rifla, og kjærasten min fekk også prøve (rifla var ikkje ladd, altså). Middagen var god og kakene endå betre ;) Og som vanleg måtte eg posere litt i bunaden. Plutseleg var laurdagen over, og i går brukte me jo heile dagen på å køyre heim. I og med at det ikkje var fullt så interessant, blei det ikkje tatt nokre bilete. Men ei kjekk helg saman med fine folk var me alle einige om at det hadde vore! Gratulerer så mykje endå ein gong til konfirmanten :)

10. mai 2015

Kirsebærtre, køyretur og konfirmasjon

Etter å ha vore på reisefot frå klokka ti i dag tidleg, er me no endeleg komme heim. Det har vore ein grei køyretur med eit par småstopp, men når ein sit stille så lenge, byrjar ein å bli lei når ein er inne i den sjuande timen med køyring. Og med så utruleg fint vêr ute, ville i alle fall eg heller ha vore ut på tur enn å berre sitje inne i ein bil. Vel. Dagen i går var kjempekoseleg! Seremonien i Nes kulturhus var fin, konfirmanten var så kjekk i finstasen og middagen var hyggeleg med god mat og mange fine folk :) I korte trekk har det vore ei veldig bra og fin helg! Og tenk: mange av dei møter me jo igjen om berre tre veker ;) Ikkje så lang liste denne sundagen, men likevel mange fine ting:

✦ å vere innom skreddaren med brudekjolen; trur resultatet blir veldig bra :)
✦ jentekveld på ein måndag
✦ herlege innlegg på cuteoverload.com, som vanleg: ein katt med ei kaninlue, ein papegøye og ein katt, bittesmå kaninar og små andungar som held på å sovne
✦ vere i konfirmasjon til fetteren min
✦ alle lamma langs vegen på tur til og frå Austlandet
✦ fine og rørande historier som denne og denne
✦ sjå eit rådyr på veg til skulen
✦ bruke den nesten seksti år gamle bunaden min i konfirmasjonen
✦ lese denne saka om Lindex som bruker sine eigne ansatte som undertøysmodellar
✦ stoppe innom Porsgrunn på heimvegen sånn at me fekk sjå hybelen til broren min
"Unlikely Friends Are The Cutest" og "We All Like Curves"
✦ kirsebærtre med dei finaste rosa blomande

8. mai 2015

Fint rett før helga

Akkurat no sit me i Oslo. I morgon er det konfirmasjonen til eit søskenbarn, så det er difor me er her. Køyrde frå Sola med mamma og pappa i går kveld, kom oss til Grimstad og overnatta der til i dag. Har hatt ein fin biltur med musikk, pensumlesing, quiz og hjernetrim. Før me kom til Oslo, var me i tillegg ein snarvisitt innom tante og onkel i Horten. Lenge sidan sist, så det var veldig koseleg å vere innom ein tur :) Må berre vise fram nokre bilete av så himla fine blomande tre! Me var nemleg ute og gjekk ein liten tur på onsdag, og med kameraet rundt halsen fann eg så mykje fint å ta bilete av :) No er det snart senga for vår del, så eg ønskjer rett og slett alle ei riktig god maihelg!