31. jan. 2013

Ny musikkvideo frå Laurence Fox



Det er godt og vel eit år sidan Laurence Fox gav ut sin førre musikkvideo "Gunfight" (eg skreiv eit innlegg om den her i april i fjor; sjekk også ut denne sida for å høyre meir av musikken hans). No er han ute med ein ny musikkvideo, og stemmen hans er like vakker og fin som førre gong. Den nye songen heiter "So Be Damned". Med i musikkvideoen er kusina hans, skodespelaren Emilia Fox, som blant anna speler i TV-serien Tause Vitner (Silent Witness). Musikkvideoen er berre fantastisk; det same er musikken. Sett deg ned og nyt, både songen og videoen, heilskapen!

29. jan. 2013

Fargar på himmelen

Så lite er det som skjer her for tida at det er vêret som er det mest spennande! Dei siste dagane har det vore både snø og regn, glatt og slaps, og no i dag er det endeleg ganske bert på dei aller fleste vegane. I går derimot var eg berre glad for at eg i det heile tatt klarte å komme meg fram og tilbake skulen uten å skli, for det var skikkeleg sleipt og ekkelt langs heile skulevegen. Men, men. Det var ei flott regnboge på himmelen i går då me var på veg heim frå skulen (biletet er tatt med mobilen, så diverre er ikkje kvaliteten den aller beste). Hadde ei kjempekjekk og bra øving saman med dei herlege folka i brassbandet i går :) Eg gleder meg til NM som er i Bergen neste helg, uansett utfall av sjølve konkurransen! For det fyrste er det kjekt å vere på tur, for det andre å vere på tur med dette korpset og for det tredje er det ei veldig fin erfaring å vere med i ein slik konkurranse. Og så kjem me til å ta oss ein liten svipptur innom Sola i same slengen :) Før me reiser, blir det ein del øving og elles mykje pensumlesing – altså som normalt.

27. jan. 2013

Papirugler

Helga, eller i og for seg alle helger, går så altfor fort, og i morgon er det tilbake til kvardagen igjen. Ei ny veke er i anmarsj, og om nokre dagar er det februar her. Og sjølv om eg ikkje alltid liker at dagane (og helgene) går såpass fort, er det i alle fall ein ting som er positivt: våren nærmar seg! Blomane byrjar å spire, dagane blir lysare, det blir varmare i vêret og for min del får eg meir motivasjon til å arbeide med skulen. Eg merkar at eg arbeider betre når det er lyst og grønt ute enn no når det er mørkt og kaldt. Me har begge to fått lese ein del pensum i helga, og me har også slappa av, slik ei helg skal vere i mine auge ;) På Pinterest finn eg mykje artig, og denne helga har eg prøvd å lage slike ugler. Eg kunne ha valt eit anna dyr, men det var desse uglene eg verkeleg fall for. Er dei ikkje herlege?! Og så må eg berre få anbefale ein film, ein film i frå 1959. I hovudrollene finn me Tony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe, og filmen heiter Some Like It Hot. For ein morosam film! Kjekt å sjå nokre filmar som er litt eldre, film i svart-kvitt, sånn av og til (i alle fall når dei er bra).

25. jan. 2013

Lesedag

Fredag er og blir ein ordentleg lesedag. I dei fleste semestra som eg har hatt her på UiA, har eg hatt null forelesning på fredagar; difor er fredagen min lesedag. Vel, ikkje berre lesedag; det blir ofte ein dag der eg les litt og elles fiksar litt rundt her i heimen – rydding, støvsuging, sortering av notat, vasking av klede osb. Og i dag har eg også fått øvd på trombonen. Det nærmar seg NM med stormskritt, og då bør stykket vere på plass. Eg er nok ikkje den flinkaste til å øve sånn til vanleg, men eg speler jo på instrumentet eit par gongar i veka i og med at eg jobbar i korps (i tillegg til å spele i korps). Så eg held det i alle fall ved like ;) Har også byrja på Vildanden av Ibsen som altså er ein del av pensumlitteraturen i NO-144. Helga som kjem, blir nok temmeleg lik førre helg, men dei to neste helgene er tettpakka med speling, flyreising, busstur og mykje anna kjekt, så me får nok å gjere. I kveld skal me ete ein god salat; etter kvart så blir det nok krim på skjermen (og så må eg vel innrømme at det er litt fint med snø når det glitrar så vakkert som det den gjorde i går...).

23. jan. 2013

Mykje lesing og litt "QI"

Som dykk alle no veit, blir det mykje lesing på meg dette semesteret me no er inne i. Nokre av bøkene er faktisk utruleg bra, mens andre er som sovemedisin (og då særskilt alle dei små dikta som me skal analysere opp og i mente). Og så blir det jo fagbøker og -artiklar ved sidan av desse skjønnlitterære tekstane. Men det går jo på eit vis; eg er jo faktisk ein student, og studentar skal jo eigentleg lese ein god del ;) Har jo elles jobb, korps og vener utanom som eg også får tid til, så eg har det veldig fint om dagane sånn eigentleg (sjølv om eg sutrar litt over alt det kvite som kjem frå himmelen om dagen...). Gjekk til skulen i dag, fekk lese litt pensum på biblioteket før det var forelesning om verba i norrønt språk frå kvart over tolv til to. Tok beina fatt etter forelesningen, og før eg var heime, var eg ein tur innom butikken. Eg har elles vaska trombonen, støvsoge kåken og tatt oppvasken. Me åt middag saman, og så såg me ein episode av QI (og det står altså for "quite interesting"). Eit herleg TV-show! Liker du rare fakta blanda med britisk humor; då er dette noko for deg :)

21. jan. 2013

Litt for kaldt ute

Lite nytt å dele herifrå. Det er framleis ganske så kvitt ute, og beina blir brukt flittig for å komme oss til og frå skulen og jobb. Det er jo vel og bra, det, men eg er ein person som ikkje har så altfor mykje til overs for snøen. Eg drøymer om varmare vêr, lysare dagar, dagar der vatnet er så varmt at til og med eg vil hoppe uti, plaske og svømme. Slik som vêret er på biletet, det er slik eg vil ha det no. Men me er jo i januar endå, så kva anna kan eg forventa?! I helga fekk eg senka skuldrene etter ei lang og travel (men kjekk) veke. Me var ein tur innom butikken på laurdag, men elles så heldt me oss inne. Ute har det jamt over vore 6-7 minusgradar (med minus 15 som det lågaste), og det er då det er godt å ha ein fin kjærast og eit varmt teppe – og kanskje ein kaffekopp i handa. Har fått lese litt i nokre av pensumbøkene mine, vaska ein del klede og som sagt slappa av. På laurdag såg me den siste filmen i serien om Indiana Jones (ikkje min favoritthelt, men no har eg i alle fall sett dei), og i går blei det den vakre filmen Cinema Paradiso. Då kom det nokre tårer hos meg, ja.

19. jan. 2013

Fagdag, kino og spelekveld



Eg veit eg allereie har delt denne traileren før, men eg vil gjerne dele den igjen. Grunnen til det er at eg i går var på kino saman med han fine og to vener av oss, og då var det akkurat denne filmen me såg. Historia kjenner eg frå bok, film, TV-serie og ein filma sceneversjon av musikalen. Sjølve musikalen har eg aldri sett live, men eg er jo glad i musikalar, og då eg høyrde at denne skulle bli filma (ikkje berre ein filma versjon i frå scenen), visste eg at denne måtte eg få med meg. På kino. Men før det blei kino, var eg på Rhetorica sin fagdag, og i år var temaet "krisekommunikasjon". Me fekk høyre flotte og interessante foredrag frå Per Høiby, Kåre Melhus og Trond Blattmann. Kjempebra gjennomført av Rhetorica. Var heimom ein tur, og klokka halv seks byrja filmen. Filmen eg snakkar om, er jo så klart Les Misérables. Det meste av replikkar blir anten resitert eller sunge, så ein bør like musikal for å sjå filmen. Likevel anbefaler eg den uansett! Skodespelarane som er med i filmen, er kanskje ikkje songarar, men musikken er jo fantastisk, og Anne Hathaway er veldig god i sin rolle som Fantine (sjekk ut hennar versjon av "I Dreamed A Dream"). Eg grein ein god del i løpet av filmen, noko som ikkje var overraskande ;) Etterpå dro me alle fire heim til oss, åt heimelaga hamburgarar og spelte spel. Ordentleg koseleg og artig! Håpar på ei rask gjentaking!

17. jan. 2013

"Den merkelige hendelsen med hunden den natten"

Nokre bøker gjer noko med deg. Dei rører deg, dei får deg til å le. Nokre bøker fascinerer deg så mykje at du berre  lese ei side til, og så ei til... Den oppsluker deg fullt og heilt. Her i heimen går det jo mykje i pensumbøker no for tida, men eg har ei bok som eg les utanom all pensumlitteraturen som eg verkeleg har sansen for. Det er ei bok som eg har blitt anbefalt for mange år sidan, og eg har lenge hatt den på leselista mi. Eg ønskjer meg alltid bøker til jul, men i fjor låg det ikkje ei einaste bok til meg under treet. Ikkje før kjærasten min kom rett før nyttår, og då han hadde med seg ei gåve, ei bok, til meg frå broren og svigerinna hans. Boka eg snakkar om, heiter Den merkelige hendelsen med hunden den natten og er skrive av Mark Haddon. Hadde eg hatt tida til det, hadde denne boka vore lese ut på ein, to, tre, så mykje fascinerer den meg. I staden for koser eg meg med boka om kvelden mens eg ventar på at kjærasten skal bli ferdig på badet. Eg skal ikkje seie for mykje i frykt for å røpe handlinga, men den er så annleis skriven og for min del er det det som fenger meg. Eg ligg der i senga og småhumrar for meg sjølv; då veit at det er ei god bok :) Boka anbefaler eg på det sterkaste – for folk i alle aldrar!

15. jan. 2013

Atter ein gong kvitt ute

Atter ein gong er det snø på trea. Æsj! Eg trudde ein augneblink at snøen var borte for godt (les: for denne sesongen). Men der tok eg grundig feil. Ja, ja. Sånn kan det gå. Det blir i alle fall mykje trasking på oss, for når det er slikt føre, for eg tør ikkje å sykle på glatte og snøete vegar. Eg er nok litt pysete, men når det gjeld sykling på snø, tar eg ingen sjansar. Veka har starta greitt med skule og korps. På skulen i dag brukte me to av dei fire forelesningstimane på å se Útlaginn (eller Den fredlause på norsk), ein spillefilm om Gisle Sursson (frå boka Sagaen om Gisle Sursson). Las jo boka i helga, men ved å både snakke om den og i tillegg sjå filmen, sit eg igjen med eit mykje meir oversiktleg bilete over handlinga i boka, persongalleri og moral. Nesten litt interessant ;) I kveld skal me begge på jobb, i morgon skal eg vere lenge på skulen (foredrag utpå kvelden), torsdag er det også skule og jobb, og på fredag er det fagdag med Rhetorica om dagen og Les Misérables på kino med eit venepar av oss om kvelden. Gleder meg! Travel, men ganske så kjekk veke, med andre ord :)

13. jan. 2013

Minneglas

Gjennom eit år, opplever ein mykje rart, både positivt og negativt. Via Pinterest (som eg før har omtala), finn eg masse inspirasjon. Noko av det som eg verkeleg falt for, var å lage eit slikt minneglas. Det gjorde eg, og me har begge to skreve nokre lappar i løpet av året som gjekk. Det meste er nok gode minne, men det er jo dei me har mest lyst til å hugse :) No er det eit nytt år, og det er på tide å tømme glaset, lese lappane, mimre og så byrje å skrive nye for året totusenogtretten. Koseleg å sitje i sofaen og lese lappane saman. Eg håpar det blir mange gode minne som me kan ta vare på, le av, kanskje grine litt av, berre hugse dei... Og så får eg jo brukt opp alle dei små papirrestane som elles berre ligg her og sleng. Helga har vore avslappande med film, pensumlesing, tur til butikken, rydding av klede (nokre av dei gav me til Fretex), god mat og generelt avslapping. I morgon er det atter ein gong ei ny veke, og med det kjem nye utfordringar og nye sjansar. Men før den nye veka tar fatt, kjem Halvbroren på TV-en i kveld :)

11. jan. 2013

Oss to

I fire år har det vore du og eg, eg og du. Enno kan eg hugse sommarfuglane i magen dei tysdagane me skulle på korpsøving; var du der i dag? For det var jo gjennom korps me møtte kvarandre. I etterkant har du sagt til meg at du raskt la merke til meg, lenge før eg såg deg. Eller – eg såg deg, men samtidig så såg eg deg ikkje. Men andre året mitt i korpset byrja eg å snakke med ein del av dei eg ikkje hadde snakka så mykje med før, og ein av dei var deg. Eg falt for humoren din og også det faktum at du lytta til det eg hadde på hjartet (eg er jo ikkje akkurat den som snakkar minst...). Utover hausten blei det både seminar og julebord, og plutseleg var det oss to. Eg er så glad for det i dag. Eg er glad for at eg tok sjansen; at me tok sjansen. Kor hadde me vore i dag om me ikkje hadde tatt den sjansen?! Det er det ingen som veit, men det gjer ingenting. Eg er så takknemleg for det me har i lag. Vår til tider barnslege humor, våre kvardagsrutinar, våre vener. Å gå hand i hand til skulen, å le saman, å kysse ute i den kalde vinterlufta, å bu saman. Du og eg, eg og du.

9. jan. 2013

Pensumlitteratur

Eg har jo valt det sjølv, men når eg sit her og ser på pensumlista, innser eg at det kjem til å bli mykje lesing på meg dette semesteret. For all del; eg likar å lese, men det er noko med å sjølv bestemme kva eg skal lese; ikkje berre lese ei bok fordi den er pensum. Men ein kan vel ikkje forvente noko anna når ein studerer nordisk språk og litteratur. Dei fleste bøkene låner eg på biblioteket, for eg skal vere ærleg og seie at eg nok ikkje kjemt til å lese dei meir enn ein gong (og den lille bokhylla me har her i leilegheita, er allereie fylt opp). I og med at det er litt glatt her på vegene, tok me beina fatt då me skulle til og fra skulen i går, og også då me skulle til jobb. Herleg å kjenne frisk luft, få raude roser i kinna, halde hender... Har vore ein tur innom skulen også i dag, og no er me i gong med det andre emnet, nemleg "språk og samfunn i tid og rom" (NO-146). Det er omtrent det samme som litteraturhistorie; det som skil dei er at det eine dreier seg om litteratur, det andre om språk (både muntleg og skriftleg). Begge emna er framhald av dei to emna som me hadde i haust. Seinare i dag skal eg på styremøte; i morgon blir det skule, og jobb utpå kvelden. Det går slag i slag, men i helga har me ingen planar. Skal berre lese og slappe av :)

7. jan. 2013

I gong med eit nytt semester

Fyrste skuledag er unnagjort. Så klart ikkje min aller fyrste skuledag, men den fyrste i dette semesteret, den fyrste i totusenogtretten. Merkar at det tar tid å komme i gong etter den lange ferien, men eg får berre prøve så godt eg kan :) I helga blei det jo mykje korpsspeling, og sjølv om ein blir sliten, er det jo så utruleg kjekt å spele saman med den herlege gjengen. I tillegg så byrjar eg å like stykket me øver på, nemleg "The Present Age", komponert av Leslie Condon. For dei som ikkje har fått det med seg, så øver me fram mot NM brass som går føre seg i Bergen 8. og 9.februar. Spennande! Sykla til skulen i ti-tida i dag. Som du ser på biletet, ligg det litt snø her endå, men det er omtrent berre i hagane. Til gjengjeld er det litt glatt, så eg sykla forsiktig. Satt fyrst på biblioteket der eg las pensumboka Sjur Gabriel av Amalie Skram, og eg traff ei av mine beste veninner før forelesninga byrja. Emnet eg skal ha på måndagar og tysdagar, er litteraturhistorie (NO-144). Så får me sjå om det blir interessant eller ikkje ;)

5. jan. 2013

Tilbake til kvardagen

Tilbake i Kr.sand. Tilbake til kvardagen. Tilbake til brød og vann, skule, jobb og ingen oppvaskmaskin. Uvand etter ein månad heime på Sola, men samtidig ganske fint å komme i gong med rutinar igjen. Og så er det noko med å berre vere oss to, det å kunne styre sjølv når me skal ha middag og kva me skal ha til middag, når me skal ta oppvasken, ja, det å kunne styre tinga sjølv ;) Ikkje at eg skal klage; eg bur og et gratis når eg er heime, men det er eit eller anna med at når ein fyrst har flytta ut... Vel. For å komme oss hit, tok me bussen frå Sandnes til Kr.sand i går, sånn midt på dagen ein gong. Bussturen gjekk fint med litt film, musikk og soving. Var framme i byen kvart over tre og me var ein kjapp tur innom butikken før me kom oss heim. Me fekk i oss litt mat før det til slutt bar til Grimstad der me skulle ha korpsøving. Merka at det var tungt å komme i gong igjen med spelinga, men det var veldig kjekt å sjå alle folka igjen etter ferien :) Har vore i Grimstad også i dag, og me skal dit i morgon også. No blir det nok ein roleg kveld her i heimen med film og heimelaga pizza :)

3. jan. 2013

Dei siste feriedagane

No er me i gong; 2013 er her. Sjølve nyttårsaftan blei som sagt feira saman med den fine gjengen me har feira med dei føregåande åra, og eg hadde det i alle fall kjempekjekt! Det heile starta klokka sju, og då alle var på plass, åt med god middag og litt for mykje dessert ;) Til kvelden hadde eg laga quiz i litt forskjellige variantar, og eg trur dei andre hadde det artig med oppgåvene. Elles så var me ute og såg på fyrverkeriet (me hadde ei kjempefin utsikt), tente på nokre stjerneskot og talde ned til det nye året saman. Etterpå gjekk me tilbake og spelte eit kjempekjekt spel (ordforklaring og miming) før kjærasten og eg tok beina fatt og gjekk heim. Herleg og fin tur, den fyrste i det nye året :) Dei siste dagane i ferien har gått så utruleg fort, og i morgon reiser me tilbake til Kr.sand. Me har bare tatt livet med ro: me har lese i bøker, spelt litt spel (kortspel, UNO og Cluedo), spelt litt Wii, sett på film og pakka koffertane. Når me kjem til Kr.sand i morgon, er me bare heime i litt over ein time før me skal til Grimstad på korpsseminar. Og ja, eg grugleder meg. Har ikkje spelt sidan julaftan, så å gå rett på ei helg med mykje speling, kan bli litt tøft :P

1. jan. 2013