16. apr. 2024

Glade ulldottar




Søte, små ulldottar som spring rundt på eit grønt jorde. Litt på avstand sidan alle var eit stykke unna der me stod og såg på dei, men kjempesøte var dei lell, dei der små lamma som berre hoppar av garde og vil utforske verda. Ser du alle seks lamma på det øvste biletet?! Tihi, to av dei låg bak ein stein og slappa av, berre hovuda stakk opp. Våren altså, når alt vaknar og kjem til liv igjen.

14. apr. 2024

Boksider både ute og inne




 




Ser av bileta i vekas sundagsliste at det er bøker det går, rett og slett ingen tvil om det. Ikkje at det er noko nytt, eller kva?! ;) Har både gått til jobb, sykla og tatt bussen denne veka, og høgdepunktet var å gå til jobb måndag der eg i tillegg gjekk i lag med ei god veninne ein del av tida. Musikalsk var høgdepunktet torsdagskveld, for då var det SSO-konsert og Jean Sibelius stod på programmet. Fiolinist Inmo Yang imponerte stort som solist, og det var kjekt å høyre Sibelius sin fyrste symfoni etter pausen. Få planar i helga, var ute på eit par ærend i går og kjente sola i andletet i dag då me tok nokre bilete ute. Slappa av med kaffi og lesing, sånt som er bra både kvardag og helg:
  
veldig kjekt å lese Mord i prestegården, den fyrste boka med miss Marple i hovudrolla
bruktfunnkjole, gul strømpebukse og fargerik mosaikk
finaste Mosvatnet, anten eg syklar eller går til jobb 
får jo lyst til å reise til Shetland no når eg nettopp såg ferdig den nyaste sesongen av Shetland
dei bittesmå fuglane som Jose Heroys heklar, er rett og slett superfine
klare å lese litt då eg gjekk til jobb måndag (vinden tok tak i sidene, så mykje lesing blei det ikkje)
tulipanane som lyste opp heimen ei heil veke 
eg spelte jo i skulekorps fram til eg var nitten, og denne boka høyrest så artig ut :D
skuggespel frå vårsola 
laurdagstaco og byrje å sjå Batman frå 1989
strikke medan me såg film
Haru er fin som stor, men akk, så søt han var som liten kattunge
lun kaffi, mjukt teppe og ei god bok
gåsehudfaktor allereie på fyrste tone av Sibelius sin fiolinkonsert
og lese eit par sider i ei bok då det var pause mellom fyrste og andre avdeling
Inger Lise Hope sin versjon av "Goodbye Yellow Brick Road" er også gåsehudfaktor
spele vidare på Snusmumrikken-spelet i lag med min betre halvdel
gjere ferdig og tinge heim fotobok frå fjorårets sommareferietur
raudstrupen som eg møtte i botanisk hage, fekk meg til å tenkje på Beatrix Potter sine teikningar
og når me snakkar om Beatrix Potter: introen til TV-serien er eit kjært barndomsminne
Turtschaninoffs Arvejord er ei fengslande historie om familien på Neverbacka gjennom 400 år

12. apr. 2024

Regnbogebukett



Fredagsblomar. Frå fredag til fredag. For førre fredag kom eg heim frå jobb til desse heilt nydelege tulipanane. Så mange friske og glade fargar i ein og same bukett! Blei ordentleg glad då eg kom heim, mannen min kjenner meg godt når han veit eg heller vil ha tulipanar enn roser (roser er kjekt å få det også, berre det at tulipanane er finare i mine auge). No, ei veke etterpå, står dei framleis i vasen på det eine bordet i stova vår. Trur nok ikkje dei står heile helga, men skal ikkje klage på ei veke med slike fargar i heimen – lilla, rosa, oransje, gult, kvitt – det er kvardagsfint, det.

10. apr. 2024

Beina fatt til ei seinvakt på jobb



Seinvakt og finvêr, måndag var slik og eg nytta sjansen til å gå til jobb. Prøvde å lese litt medan eg gjekk, men det varte ikkje så lenge sidan det blåste ein del trass solskin og blå himmel. Men eit par sider fekk eg no lese ;) Fuglane song, eg såg små blomar i fleire fargar, det var godt å bevege kroppen. Alt byrjar å bli grønare og grønare, så fint ute no. Ved kunstmuseet tok eg følgje med ei veninne som hadde heimekontor og som ville gå ein liten tur. Me gjekk i lag til Amfi Madla, og praten gjekk i eitt. Klagar ikkje på ein slik spasertur til på ein heilt vanleg måndag.

9. apr. 2024

Kuler og kjegler 🎳


Bowling med familien, ein akkurat passe bursdagsfeiring og helgeaktivitet. Etter lunsjen på sundag, hadde me tinga to seriar med bowling. Liten porsjon popcorn og ein kopp kaffi blei det også. Utan å verke for kjepphøg, skal eg innrømme at det var gøy å starte med to strike på rad, ho, ho!
 



Staden var Lucky Bowl på Åsen, den bowlinghallen me som oftast pleier å bruke når me fyrst bowlar sidan den berre er ein liten gåtur unna. Må smile av animasjonane dei framleis bruker når ein får strike, spare eller liknande – så herleg nostalgisk 2000-talet. Du kan tru halvannan time gjekk fort, og sjølv om nokon gjorde det litt betre enn andre, lo me og koste oss alle saman lell! :)

7. apr. 2024

April både med og utan snø, og ein bursdagsfredag











April heile veka, alltid litt artig når ein ny månad startar på ein måndag. Fri både måndag og tysdag, sidan jobb dei tre neste dagane og fri i helga. Tysdag var det årsmøte med orkesteret, og eg vil påstå at eg klarte å formidle budsjettet og reikneskapet på ein grei måte (store tal er ikkje mi sterkaste side, men eg har fått god hjelp både av mamma og av mannen min). Jobbdagane har vore litt opp og ned der fredagen alt i alt var ein bra dag med herlege kundar og fleire kjentfolk stakk innom. Og ja, eg hadde bursdag på fredag, kanskje det var det som gjorde utslaget ;) Kom heim til god middag og elles ein akkurat passe roleg kveld med boka i fanget. Bowla i lag med familien i dag som ei slags bursdagsfeiring, og det var moro! Resten av aprilveka mi kjem her, punkt for punkt:
 
som eg koser meg med bøkene av James Herriot, sit og småhumrar for meg sjølv når eg les dei! 
sykle heim onsdagskveld og oppleve himmelen i brann
få så mange koselege bursdagshelsingar frå mange flotte finingar
lita påskelilje langs jobbvegen min
tihi, det er så artig å følgje Bami og Dami som litt etter litt blir betre kjent med dei store kattane
sjå slutten av Bakemesterskapet og byrje på Shetland, begge på NRK Nett-TV
likte ikkje å vakne til snø på torsdag, men den låg heldigvis berre i snaue to dagar
prate lenge med ein tidlegare kollega i lunsjpausen min på fredag
fredagsselfie, for ein blomstrete vegg på jobb er jo den perfekte selfiebakgrunnen
høyre på The Comfort Book Club-podcasten om The Secret Garden av Frances Hodgson Burnett 
og ein annan video der Miranda viser fram alle dei nydelege utgåvene av boka
knallgode vegetarburgarar til middag som mannen min hadde laga – heimelaga middag, altså
ein veit kanskje kva ein får, men likevel likte eg boka Å isbade blant fjellene av Karin Härjegård
før årsmøtet: høyre på orkesteret spele medan Håkon Vestly var forteljar (Historien om Babar)
høyre på songar av Daniel Kvammen
blomane i alle moglege fargar i gartneriet ute på Orre
høyre "Up Where We Belong" på radioen på veg til årsmøtet 
Brambles Woodwork: å, sjekk ut alle dei fine små greiene Jarrod lagar av tre, det er kunstverk!
få gjort mykje på fotoboka
bowle i lag med familien midt på dagen i dag, ein ordentleg morosam sundagsaktivitet
ikkje berre ei bok av Herriot denne veka, men to: The Lord God Made Them All, kaffi og noko attåt

5. apr. 2024

Blomstrete tradisjon


Snø når april er her, det var jo ikkje planen. For som mange andre i går, vakna me opp til eit vinterkvitt landskap. Sukk, og eg som trudde våren var her. Sånn på ordentleg. Hjelper litt å sjå desse bileta frå fargerike Wiig gartneri som eg nyleg besøkte. For femte året på rad var eg nemleg ein tur ut til Orre i lag med eit venepar. Ikkje noko foredrag eller arrangement i år, berre oss på ein liten gartnartur. Fyrst åt me god lunsj i kaféen, og granola, yoghurt, hasselnøttkrem og rabarbrakompott smakte supergodt! Testa ein ny drikk også med smak av bringebær og (meir) rabarbra, og den var såpass god at eg måtte kjøpe med meg eit par til å ta med heim. Etter å ha vore i gartneriet, tok me ein kaffi og noko attåt. Tøft at dei har ein så bra kafé der i tillegg til alle blomane og plantene.




For min del er det fyrst og fremst blomane som fangar merksemda mi sjølv om dei også har fleire urter og grønsaksplanter. Alle dei flotte fargane, sterke og klare, eg blir ordentleg glad av det. Koseleg å berre tusle rundt og prate i lag med dei fine folka eit par timar, oss og blomane.